Reiseliv

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, som er ein av dei lengste fjordane i verda. Kommunen omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og Vik sentrum. Vik er ein vakker stad, som det er lett å bli glad i. Hit kan du kome sjøvegen eller over Vikafjellet.  

Visit Sognefjord er eit felles destinasjonsselskap for kommunane Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland. Visit Sognefjord skal bidra til å løyse felles oppgåver for reiselivsnæringa i dei deltakande kommunane. På Visit Sognefjord sine sider, kan du finne informasjon om overnattingsstader og opplevingar i Vik kommune. Følg denne lenkja og les meir om oss.
 

Vik turistinformasjon er lokalisert på Kristianhus båt- og motormuseum som ligg på Vikøyri. Les meir om turistinformasjonen her. 

Me håpar du tek turen - velkommen til Vik i Sogn!