Skjenkeløyve

Skjenkeløyve

Alle som driv ein serveringsstad og ynskjer å servere alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år. Innanfor ein løyveperiode kan det skje endringar i drifta eller administrasjonen av verksemda di. Slike endringar må meldast til kommunen, då det kan gjere at du treng eit nytt løyve. Ved eigarskifte må det søkjast nytt løyve så snart som mogeleg og seinast innan 30 dagar etter overføringa. Søk skjenkeløyve dersom:

  • Du har serveringsløyve frå før og ynskjer å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve. 
  • Du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart. 
  • Du har overteke ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. 

Søk skjenkeløyve her

Skjenkeløyve for eitt enkelt høve / ambulerande

Ein kan også søke om skjenkeløyve for enkelt høve, til dømes lukka selskap eller ope arrangement. 

  • Dette gjeld løyve til å servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søkjer då om eit ambulerande skjenkeløyve. 
  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve. 

 

Skjenkeløyve - søknad

Søk skjenkeløyve for endra vilkår for eitt enkelt høve (når søkjar har løyve frå før)

Søk skjenkeløyve for lukka selskap her

Søk skjenkeløyve for lukka selskap (ambulerande) her

Søk skjenkeløyve for ope arrangement (enkelt, bestemt høve) her

Søknad om godkjenning av ny styrar og/eller avløysar etter serverings- og/eller alkohollova

Kven kan søkje på tenesta?

Både du som søkjar og andre som har vesentleg påverknad på verksemda må vise til uklanderleg vandel når det kjem til alkohollova, anna lovverk som har samanheng med alkohollova sitt formål, samt skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga.

For kvart løyve skal verksemda ha ein styrar og ein avløysar. Begge desse må vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøven.

Berre personar som har eit dagleg ansvar for salet kan veljast som styrar. Ein styrar har som oppgåve å sjå til at salet av alkoholhaldig drikke skjer etter reglane. Styraren og avløysar skal vere kontaktpersonane til kontrollfullmakta.

Kva kostar tenesta?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 her.

Lover

Alkoholloven

Forskrifter

Alkoholforskriften

Sakshandsaming

Når kommunen har fått søknaden, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet blir gjeve etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Sakshandsamingstid

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.

Høve til å klaga

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen