Dispensasjon

Dersom du vil bygge eller føre opp noko som er i strid med lov, forskrift eller plan, må du søke om dispensasjon. Kommunen kan gje varig eller mellombels dispensasjon frå føresegner gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova.

Vilkåra for å gje dispensasjon går fram av pbl. § 19-2: 

Omsyna bak føresegna det blir søkt dispensasjon frå kan ikkje bli satt vesentleg til sides 

I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene 


Det er søkar sitt ansvar å grunngje kvifor kommunen skal gje dispensasjon.

Kommunen kan ikkje gje dispensasjon frå reglane om sakshandsaming. Du kan ikkje få svar på dispensasjon før den er handsama etter reglane i lova.

Er du i tvil om det du skal bygge krev dispensasjon? Send oss gjerne ein skriftleg førespurnad

 

 

Lenkje til bygge og aktivitetsforbod langs offentleg veg