Når kjem feiaren til bustaden eller til hytta?
Du blir varsla om besøk av feiaren med SMS varsling til mobil eller til e-post adressa di.
Oppsett dato for feiing passar ikkje
Feietenesta prøver å imøtekoma huseigar/eigar av hytta sitt ynskje om å få utført tilsyn/feiing til rett tid.
Ta kontakt med Sogn brann og redning sine kontaktpersonar dersom du har spørsmål:
Telefon nummer til formann for feiing Morten Dale: 95 21 51 31
Leiar førebyggande avdeling - Sogn brann og redning IKS - Torill Anita Segtnan: 47 67 29 72 / 576 52 413
Kor ofte skal det feiast?
Fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming av bygg skal få utført feiing innafor akseptabelt tidsrom/intervall.
Feiaren tek omsyn til ymse tilhøve som sotmengde, sottype og t.d. fyringsmønster når vedkommande skal vurdera kor ofte det bør feiast i kvart fyringsanlegg. For tilsyn vil det vera andre tilhøve som vert lagt til grunn.
Nokre bustader får difor besøk av feiaren kvart år, medan andre får det sjeldnare.
Informasjon om tilsyn
Her finn du eigen informasjon om tilsyn på hytter/fritidsbustader frå Sogn brann og redning si heimeside (pdf) (PDF, 208 kB)
Sot
Det er viktig at sot vert fjerna snarast råd etter feiing.
Fritidsbustader/hytter
Sidan mange hytter ligg utan tilknyting til veg, og at mange eigarar har lang reiseveg til hytta vert tilsyn og feiing av desse gjennomført samstundes.
Kva kostar det?
Feie og tilsynsgebyr er inklusiv meirverdiavgift. Du finn gebyra i tabellen nedanfor.
Heimel:
Lov om brann og eksplosjonsvern LOV-2021-05-07-34
Forskrift om brannforebygging FOR-2020-06-11-1176
Rettleiar til forskrift om brannforebygging dsb
Kontakt:
Lenkje med telefon-nummer Sogn brann og redning