Førstegangssesjonering

Førstegongsseksjonering er å dele opp ein eller fleire bygningar i eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningsmassen. Du kan søke om førstegangsseksjonering sjølv, og du treng ikkje fagkunnskap for å søke.

Seksjonering eignar seg for oppdeling av bustadblokk, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med ulike brukarar av etasjane og liknande.

Ein eigarseksjon består seg av ein sameiedel i eigedomen (alt som er felles) og ein einerett til å bruke ein bestemt del av eigendommen, dvs. brukseinheiten.

Send inn søknad om seksjonering

Rettleiing frå Kommunal-og moderniseringsdepartementet (pdf)

Dokumentasjon til søknad

  • Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og bygningar på eigedomen. Situasjonskart kan bestillast hjå kommunen via skjemaet kartbestilling.
  • Planteikningar over etasjane i bygningen, inkludert kjellar og loft. På teikningane skal bruksenhetens areal og avgrensingar, framlegg til seksjonsnummer og  og bruk av dei enkelte rom skal vise tydeleg. Kommunen kan hjelpe til med inndeling i seksjonar.
  • Vedtektene til sameiga. Desse skal berre vera med begjæringen, og skal ikkje tinglysast.
  • Tinglysingssperre, sjekk ut i oversikt i grunnboka for eigedomen under lenkja "se eiendom"
  • Er det fleire eigarar av eigedomen og eigar-delane deira er dei same før og etter seksjoneringa, kan de fordele seksjonane mellom dykk i samband med seksjoneringen. 

Søknadskjema  for fordeling av sameigeandelar ved seksjonering

Søknad med vedlegg skal sendast:

Postadresse: Vik kommune, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Søknaden skal leverast i to eksemplar, alle i original form då det er eit krav om orgiginal signatur inn til Tinglysinga.
 

Gebyr for seksjonering:

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 her. 

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja