Klage på eigedomskatt

Eigar av taksert bygning har plikt til å klage dersom han oppdagar feil i takstgrunnlaget for eigedomskatt. Eigar er den siste kontrollinstansen som sikrar rett takstgrunnlag. 

Liste over eigedomsskatt vert utlagt til offentleg gjennomsyn i februar/mars kvart år. Det er mogeleg å klage på grunnlaget for taksten om du meiner denne er feil.

Forklar skriftleg kva som du meiner er feil i faktagrunnlaget i oversending til Vik kommune.

Dersom eigar ikkje får medhald i klaga, kan saka gå til behandling i ei klagenemnd. Den nye taksten kan då bli justert opp eller ned enn den taksten ein hadde i utgangspunktet.

I påvente av svar på klagen, må du betale den utsende fakturaen. Blir klagen teken til følge, vil du få tilbakebetalt det som er for mykje betalt.
 


Klage kan sendast:

Vik kommune
eigedomskattekontoret
Postboks 134
6891 Vik i Sogn