FAU - foreldreutvalet

Kvar skule har sitt FAU (foreldrerådets arbeidsutval). Alle foreldre/føresette ved skulen er med og stemmer fram representantar til FAU. 

Dette utvalet skal sikra reel medverknad frå foreldre/tilsette og samarbeida med skulen for å fremja godt samarbeid mellom heim, skule og lokalsamfunn. FAU skal fremja foreldra/føresette sine interesser og medverka til at elevane og foreldra/føresette kan ta aktivt del i å skapa eit trygt og godt skulemiljø.

 Arbeidsområde for FAU:

  • Informera og høyra alle foreldre om aktuelle saker
  • Samarbeida med elevrådet, SU-samarbeidsutvalet, rektor og lærarar
  • Uttala seg om relevante saker frå kommunen eller skulen, til dømes ordensreglementet
  • Skapa kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet

FAU er heimla i opplæringslova §11-4.  Du finn informasjon om dei einskilde FAU på skulane sine heimesider:

Feios skule

Flatbygdi skule