På den skulen du går, skal det vere eit tilbod om rådgiving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgiving).
Meir om tenesta
Ved behov, skal skulen finne dei rette hjelpeinstansane, og formidle kontakt. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgivingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgivinga skje i grupper eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsrollane.
Rådgjeivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skulen og integrere etniske minoritetar.
Rådgjevinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.
Kven kan få tenesta?
Elevar i grunnskule og vidaregåande skule
Korleis kan du søkje på tenesta?
Ta kontakt med skulen der du er elev. Som skuleeigar har kommunen/fylkeskommunen ansvar for å ha eit tilbod om rådgjeving. Dersom du ikkje får nødvendig rådgjeving, kan du vende deg til statsforvaltaren som fører tilsyn etter opplæringslova.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Kontaktinformasjon
Skulane i Vik kommune
Publisert 23.11.2021 15:16
Sist endra 07.12.2021 14:40