Kommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskulen. Kommunen kan fordele leksehjelpa fritt på 1.–10. årstrinn. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa, men skal sjåast i samanheng med den.
Meir om tenesta
Det er frivillig om ein vil delta. Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som blir gjeve. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt. Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.
Kriterium/vilkår
- Det skal bli tilbydd minimum åtte timar leksehjelp per veke til elevar i grunnskulen
- Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna 1–10, slik kommunen avgjer
- Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
- Krav om politiattest gjeld òg for tilsette i leksehjelpa
- Elevgruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg
Korleis kan du søkje på tenesta?
Bruk skjem under for å søkje om leksehjelp:
Skule - Leksehjelp - innmelding/endring/oppseiing
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Korleis kan du klage på vedtaket?
Elevar og foreldre kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogeleg. Dersom vedtak ikkje er gjort innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om det er gjort vedtak.
Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon til skulane finn du på denne lenka.
Aktuelle lenker og dokument
Opplæringslova
Publisert 23.11.2021 13:56
Sist endra 21.06.2023 10:24