Mobbing - mottiltak

Vert eit barn utsett for mobbing, vald, diskriminering eller trakassering har barnet rett til umiddelbar mottiltak frå skulen. Alle tilsette ved skulen har plikt til å følgje med, undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn så snart som mogleg. 

Meir om tenesta

Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevar og føresette har rett til å høyrast, å informerast og til å delta i planlegging og gjennomføring av eit godt og trygt skulemiljø.

Ved tiltak mot mobbing skal skulen lage ein skriftleg plan og skal dokumentere kva som vert gjort for å oppfylle aktivitetsplikta til skulen.

Kven kan få tenesta?

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelpordningar

Korleis kan du søkje på tenesta?

Som elev eller føresett kan du melde inn saker om mobbing, vald, diskriminering eller trakassering til rektor.  Statsforvaltaren kontrollerer at skulen overheld pliktene sine. Og dersom det er gått meir enn ei veke sidan du tok kontakt med rektor, kan du i tillegg kontakte statsforvaltaren direkte. Dette kan du gjere munnleg eller skriftleg, på papir eller elektronisk. Men det er eit krav at du oppgjer namnet din og skulen for at statsforvaltaren skal behandle saka.

Melde frå om mobbing eller dårleg skulemiljø - Statsforvaltaren


Sakshandsaming

Skulen har plikt til å undersøkje saka snarast mogeleg.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Elever og føresette kan melde saka til statsforvaltaren dersom det er gått meir enn ei veke sidan saka blei meldt til rektor.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Kontaktinformasjon til skulane i Vik kommune finn du på denne lenka.

Aktuelle lenker og dokument

Handlingsplan mot mobbing i skulane - Vik kommune (PDF, 2 MB)

Skulemiljø - Udir.no

Tvungent skulebyte - Udir.no

Ordensreglement for skulane i Vik kommune (PDF, 852 kB)

Skule - barneombudet

Digital mobbing og personvern - dubestemmer.no