Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre

Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skulegang frå skulen si side, og har same retten til å delta på foreldremøte.

Meir om tenesta

Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skulegang, men berre dersom vedkomande spør skulen spesielt. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til å delta på foreldremøte, men vil kunne delta dersom den som har foreldreansvaret, gjev sitt samtykke. Skulen kan likevel avtale eigne møte med den biologiske forelderen, men kan og velje å gje informasjonen skriftleg.

Dersom foreldra har felles foreldreansvar og du er den av foreldra som barnet ikkje bur hjå, kan du vende deg til skulen og be om å få informasjon direkte. Skolen pliktar då å halde deg jamleg orientert om skulegangen til barnet ditt. Er du biologisk forelder, men utan foreldreansvar, har du rett på informasjon berre i dei tilfella du vender deg direkte til skulen.

Rett til opplysningar om barnet - Lov om barn og foreldre (barnelova)
 

Sakshandsaming / rett til å klage?

Du kan klage til Statsforvaltaren på avslag om å få informasjon. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Aktuelle lenker og dokument

Lov om barn og foreldre - barnelova

Informasjon fra skulen til barnet sine foreldre når desse ikkje bur saman (rundskriv)