Spesialundersvisning for vaksne på grunnskuleområdet

Dersom du meiner at du ikkje får eit tilfredsstillande utbyte av det vanlege, tilpassa opplæringstilbodet for vaksne på grunnskuleområdet, har du rett til spesialundervisning.

Kven kan få tenesta?

 Det kan til dømes vere dersom du

  • er eller har vore sjuk eller skada
  • har særleg behov for å meistre daglege gjeremål
  • treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
  • treng grunnleggjande lese- og skriveopplæring 
  • treng motorisk trening

Korleis kan du søkje på tenesta?

Fyll ut skjema under, og lever eller send dette til Vik kommune, pb 134, 6891 Vik i Sogn.

Søknad om spesialundersvinsning (DOCX, 322 kB)

Kva kostar det?

Opplæringa og undervisningsmateriell er gratis.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon

Vik kommune

Pb 134

6891 Vik i Sogn

Sentralbord Vik kommune 57 69 82 00