Sråkopplæring for vaksne på grunnskuleområdet

Grunnskuleopplæring for vaksne skal tilpassast den einskilde sine behov. Vaksne med anna morsmål enn norsk og samisk kan få eiga opplæring i norsk inntil dei har gode nok ferdigheiter i norsk til å følgje den ordinære grunnskuleopplæringa for vaksne.

Kven kan få tenesta?

Vaksne med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan ein også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar.

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Eleven har ikkje gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring)

Korleis kan du søkje på tenesta?

Fyll ut skjema under, og lever eller send dette til Vik kommune, pb 134, 6891 Vik i Sogn.

Søknad om særskild norskopplæring (DOCX, 322 kB)

Kva kostar det?

Opplæring og undervisningsmateriell er gratis.

Sakshandsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktinformasjon

Vik kommune

Pb 134

6891 Vik i Sogn

Sentralbord Vik kommune 57 69 82 00

Aktuelle lenker og dokument

Grunnskule for vaksne - Utdanningsdirektoratet