Introduksjonsprogram for nykomne flyktningar
Introduksjonsprogrammet er eit opplæringsprogram som skal førebu deg til deltaking i det norske arbeidslivet. Innvandrarar mellom 18 og 55 år som har fått innvilga opphaldsløyve etter ein viss type, sjå nedanfor, og som er busett i kommunen etter avtale med integreringsstyresmaktene, har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram. Det finst nokre unntak som du kan få informasjon om ved å kontakte kommunen.
Meir om tenesta
Før du startar i programmet vil kommunen kartlegge kva du har av språkkunnskapar, utdanning, arbeidserfaring eller anna kompetanse som kan vere relevant. Etter kartlegging av kompetanse, og helst før du startar i programmet, bør du ha fått gjennomført ei karriererettleiing . Karriererettleiing er fylkeskommunen sitt ansvar. Kompetansekartlegginga og karriererettleiinga skal bidra til at programmet blir tilpassa deg og behova dine.
Samtidig som du får vedtak om program, skal det utarbeidast ein integreringsplan. Planen skal blant anna innehalde tiltaka som skal til for at du skal nå sluttmålet ditt. Dersom du har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare , skal introduksjonsprogrammet kvalifisere for arbeid, eller førebu utdanning over vidaregåande nivå eller yrkesfagleg rekvalifisering. Har du ikkje utdanning på vidargåande nivå eller høgare, skal programmet gi formell opplæring på vidaregåande nivå eller kvalifisere for arbeid.
Du og kommunen skal også inngå ein integreringskontrakt med gjensidige forpliktingar. Du har rett til å starte i program seinast tre månader etter busetting.
Du kjem til å lære:
- Norsk
- Samfunnskunnskap
- Livsmeistring i eit nytt land
- Anna som er relevant for arbeid eller utdanning
- Foreldreveiledning dersom du har barn.
Kven kan få tenesta?
- Du er innvandrar og er mellom 18 og 55 år
- Du er anten busett i ein kommune eller ventar på å bli busett.
- Du har fått opphaldsløyve
Det finst forskjellige typar opphaldsløyve. Introduksjonsprogrammet er for deg som:
- Har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
- Har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
- Har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
- Har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
- Har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
- Har fått fornybar opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.
Korleis kan du søkje på tenesta?
Ta kontakt med NAV Vik.
Kontaktinformasjon
Aktuelle lenker og dokument
Integreringslova
Forvaltningslova
Forskrift til Integreringslova
Publisert 26.10.2021 11:38
Sist endra 09.03.2026 07:58