Introduksjonsprogram for nytilkome flyktningar

Rett før eller rett etter at du har blitt busett i Vik kommune vil kommunen kartleggje kva du har av språkkunnskapar, utdanning, arbeidserfaring eller annan kompetanse som kan vere relevant. Etter kartlegging av kompetanse, vil fylkeskommunen gi deg karrierevegleidning og sørgje for at introduksjonsprogrammet blir tilpassa deg og behova dine.

 

Meir om tenesta

Integreringsplan og kontrakt

I samarbeid med deg vil kommunen lage ein plan som blant anna inneheld måla, lengda og yrkesplanane dine. Samtidig skriv du ein kontrakt med kommunen. Kontrakten forpliktar deg til å følgje måla og programmet.

Introduksjonsprogrammet

Når du startar programmet, vil kommunen saman med deg setje eit mål for kva du skal ha oppnått når programmet er slutt. Dersom du har vidaregåande utdanning, vil sluttmålet vere å kvalifisere til høgare utdanning. Dersom du er under 25 år og ikkje har vidaregåande skule frå før, vil sluttmålet vere å fullføre vidaregåande skule. 

Du kjem til å lære:

  • Norsk
  • Samfunnskunnskap
  • Livsmeistring i eit nytt land
  • Anna som er relevant for arbeid eller utdanning
  • Foreldreveiledning dersom du har barn.

Kven kan få tenesta?

  • Du er innvandrar og er mellom 18 og 55 år
  • Du er anten busett i ein kommune eller ventar på å bli busett.
  • Du har fått opphaldsløyve

Det finst forskjellige typar opphaldsløyve. Introduksjonsprogrammet er for deg som:

  • Har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
  • Har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
  • Har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
  • Har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
  • Har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
  • Har fått fornybar opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.

Korleis kan du søkje på tenesta?

 

Ta kontakt med NAV Vik

Vik kommune

Pb 134

6891 Vik i Sogn

Sentralbord Vik kommune 57 69 82 00

nav.vik@nav.no

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggje tilbodet. Dette inneber at du må akseptere at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet blir etablert.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtak om

  • løyving eller avslag på deltaking
  • introduksjonsstønaden
  • vesentlege endringar i integreringsplanen
  • at programmet blir stansa
  • at programmet blir forlenga
  • godkjenning av permisjon
  • søknad om fritak.

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Vik kommune

Pb 134

6891 Vik i Sogn

Sentralbord Vik kommune 57 69 82 00

 

Aktuelle lenker og dokument

Integreringslova

Forvaltningslova

Forskrift til Integreringslova