BustøtteLytt til tekstenStopp avspillingHar du problem med å betala husleiga eller huslånet ditt? Har du høge buutgifter og låg inntekt? Då kan du ha rett på bustøtte. Kva er bustøtte? Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge buutgifter. Husbanken og kommunen samarbeider om ordninga. Husbanken gjer vedtak, men det er kommunen som har kontakt med deg som søkjar. Kven kan få bustøtte? På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om kven som kan få bustøtte Slik søkjer du: Du søkjer bustøtte på Husbanken sine nettsider Søknadsfrist Søknadsfristen er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. månaden etter. Meld frå om endringar Du har plikt til å melde frå om det er endringar i opplysningane du har gitt i søknaden. Her kan du lese om kva endringar du må melde frå om Klage Om du meinar noko er feil i vedtaket, kan du klaga innan tre veker fra du mottok vedtaket. Her kan du lese om korleis du klager på vedtak Kontaktinformasjon Kontaktinformasjon finn du på denne lenka Publisert 10.11.2021 13:19 Sist endra 22.12.2021 13:21