Flyktningar som har fått opphald i Noreg vert busett i ein kommune. I Vik kommune har flyktningetenesta på NAV ansvar for å gje hjelp til flyktningen/ familien i starten.
Kven kan få tenesta?
Flyktningar som har fått avtale om busetjing i Vik kommune. Flyktningetenesta kan òg gje rettleiing og følge opp deg som er sameint med familie som har budd i Vik / Noreg i mindre enn fem år. Tilbodet gjeld personar som vil få plikt og rett til å gjennomføre Introduksjonsprogrammet og/eller har familie i Vik og som allerede er i gong med Introduksjonsprogrammet.
Kva kan vi tilby?
Hjelp til å finna bustad og får praktisk hjelp i startfasen. Dette kan vera råd og rettleiing om det å leva i Noreg, helse, økonomi og deltaking i samfunnsliv. Hjelpa blir tilpassa det behovet den enkelte har.
Kvar kan eg få meir informasjon?
Kontaktinformasjon finn du på denne lenka
Publisert 10.11.2021 13:32
Sist endra 01.12.2021 15:14