Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyve for rørslehemma skal sikre at du som treng parkeringslette, kan parkere på tilgjengelege parkeringsplassar merka for rørslehemma. Slike parkeringsplassar er utan avgift.

Meir om tenesta

Du kan søkje NAV om parkeringsløyve for rørslehemma.

Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

Kven kan få tenesta?

Personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd. Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. 

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan kontakte NAV for å få hjelp til å søkje om parkeringsløyve, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. 

Parkeringsløyve for rørslehemma

Vedlegg du må legge ved søknaden

  • Passfoto.
  • Kopi av førarkort dersom du søkjer som sjåfør.
  • Legeattest som dokumenterar at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega deg over lengre avstandar.

Kva får du?

Du får eit kort med namnet ditt og eit bilete av deg på. Du kan då bruke kortet i ulike bilar og parkere på stader som er merka for rørslehemma. Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen.

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Vi behandlar søknaden så raskt som råd, og du får vanlegvis svar innan to veker. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Dersom du får avslag, kan du klage på vedtaket. Informasjon om klage kjem fram i vedtaksbrevet.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Aktuelle lenker og dokument

Forvaltningslova

Forskrift om parkering for rørslehemma

Parkeringsforskrifta