Byggavfall

Byggavfall er avfall som ikkje skal handsamast saman med det ordinære avfallet.

Meir om tenesta

Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast ( dette gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). 

Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.

Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane. 

Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.

Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna:

  • nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal 
  • riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter bruksareal

Sluttrapport med avfallsplan - nybygg

Sluttrapport med avfallsplan - rehabilitering/riving

Saman med sluttrapporten skal du levere: 

  • ordinær kvittering frå avfallsmottak
  • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
  • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)

Kontaktinformasjon 

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Aktuelle lenker og dokument

Avfallsforskrifta

Byggesaksforskrifta (SAK10)

Byggteknisk forskrift (TEK17)

Avfallsreglar plan-og bygningslova