Vegvedlikehald

Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken.

Meir om tenesta

Det kan til dømes vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar og staten for riksvegane. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.

Kommunen har som mål å sjå til at det kommunale vegnettet har tilfredsstillande framkomst, både sommar og vinter. Det vert lagd vekt på tryggleik for vegfarande, god samfunnsmessig ressursutnytting og innanfor dei økonomiske råmene forvalte vegnettet.

Melding om feil eller manlgar på veg

Det kan til dømes vere:

  • Feiing og reinhald
  • fjerning av søppel
  • klypping av vegetasjon
  • rydding i kraftsoner
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren

Melding om feil eller manglar på veg

Snøbrøyting

Kommunen utfører brøyting i Vik sentrum, Seim og Stadheim. Resten vert utført av eksterne entreprenørar.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Aktuelle lenker og dokument

Veglova