Skilt og reklame

Oppføring av skilt og reklame er søknadspliktig.

Meir om tenesta

Det kan vere informasjon om næringsverksemd, eit produkt eller eit lokalt arrangement. 

Gjenstandane kan vere alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys. Uansett avstand frå vegen må du søkje dersom skiltet er retta mot trafikken, eller er synleg for vegfarande. Kommunen gir løyve for ein avgrensa periode. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten er forbode.

Dersom du set opp skilt utan løyve, og kommunen må fjerne det, må du sjølv ta kostnaden. 

Kommunen kan gje deg meir informasjon om

  • kva det kan gjevast løyve for
  • kva som ikkje er tillate
  • kva du kan gjere utan å søkje om løyve

Målgruppe

  • Næringsdrivande
  • Organisasjonar
  • Privatpersonar

Vilkår / Kriterium

Du treng ikkje søkje dersom du skal setje opp

  • namneskilt eller reklame for eiga verksemd, og som er plassert på sjølve bygningen der verksemda blir driven, såframt det ikkje påverkar trafikktryggleiken
  • skilt i kryss med privat veg, slik som adresseskilt, eller "Køyr langsamt, born leikar"

Sjå veglova §33 og §57, vegtrafikkloven §5 og plan- og bygningsloven § 30-3.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Aktuelle lenker og dokument

Veglova

Vegtrafikklova

Plan og bygningslova

Forvaltningslova

Skiltvedtekter Vik kommune (PDF, 50 kB)