Bustad - Oppføring

Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Slik søknad må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført.  Alle handverkarar (firma) må ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde.

Meir om tenesta

Kommunen kan gi deg godkjenning for å setje i gang med byggearbeidet sjølv dvs. gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggar). I skjemaet nedanfor kan du søkje om personleg ansvarsrett:

Søknadskjema personleg ansvarsrett

For å vere sjølvbyggjar må du stadfeste at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv.

Sjå informasjon om det å vere sjølvbyggjar på lenkja her frå direktoratet for byggkvalitet.

Søknadsprosess

Nedanfor finn du søknadskjema for deg som er sjøvlbyggar , og link til andre skjema, vel det som høver for deg:

Søknadskjema for sjølvbyggar av eigen bustad/fritidsbustad

Sjå informasjon i artikkel byggesøknad for fagfolk

Sjå og søknadsinformasjon om i artikkelen om tiltak

Søknadsfrist og svarfrist

Ingen søknadsfrist, det kan søkjast gjennom heile året.

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker.  Kommunen kan forlenge fristen dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre instansar. Har du spørsmål til byggesaksbehandlinga tek du kontakt med kommunen.

Vilkår for å få tenesta

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, vere godkjend av kommunen. Desse kriteriane må vere oppfylde:

  • nabovarsling må vere gjort
  • bustaden må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
  • tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Sjå skildring om søknadsplikt i plan- og bygningslova (Pbl) kap 21- § 20-1
og kap. 29.

Sakshandsaming

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet om vilkår), skal kommunen gje løyve innan rimeleg tid. Søkjaren og dei som eventuelt har hatt merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket.

Klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Du veljer sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klagen for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Heimel

Forvaltningsloven
​​​​Plan- og bygningsloven
Byggesaksforskriften (SAK 10)

Kva kostar det?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027" her. 

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen