Bygge- og aktivitetsforbod langs offentleg veg- dispensasjon

Det er eit allment bygge- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, busker, gjerde og anna som hindrar sikt.

Meir om tenesta

Kommunen er vegstyresmakt for kommunale vegar, og behandlar slike saker:

  • dispensasjon frå dei alminnelege byggegrensene i veglova
  • dispensasjon frå byggegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

Kven kan få tenesta?

Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje

Korleis kan du søkje på tenestene?

-Dispensasjon frå dei vanlege byggegrensene i veglova:
 Her er lenkje med informasjon og søknadskjema for å søkje om dispensasjon frå byggegrensa 
-Dispensasjon frå byggegrense som er bestemde i reguleringsplan:
 Her er lenkje med informasjon om å søkje dispensasjon frå reguleringsplan
-Løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen. Du kan og søkje her om å få påvist vatn og avl.ledn.:
Her er lenkje med informasjon og søknadskjema for å søkje om graving ved kommunal veg
Her er lenkje med informasjon om kabelpåvising hjå Sognekraft/Sygnir
Her er ei lenkje med informasjon om kabelpåvising hjå Geomatikk. Slik kabelpåvising må fylgja med ein søknad om graveløyve. Hugs først å opprette brukar. NB! Ver merksam på at ikkje alle alle kablar i Vik kommune er elektronisk tilgjengelege i kart.

Søknadsfrist

Ingen søknadsfrist

Kva kostar det?

Les meir om prisar i gebyrlista i dokumentet "Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027" her. 

Vilkår for å få tenesta

Byggegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggjesøknad, blir han behandla i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er:

  • kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingar
  • behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegformål


På denne lenkja finn du informasjon om arealdelen til kommuneplanen

Klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. 

Heimel

Forvaltningslova
Veglova §§ 29, 30, 31, 32 og 37.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen