Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er kommunen (eller ein privatperson) sitt verktøy for å styre utviklinga av eit område. Planen skal avklare arealbruken; det vil seie kva eit areal skal brukast til slik som til dømes: bustad,næring, friområde, landbruk med meir.

Gjeldande reguleringsplanar har vore handsama av dei lokale politikarane våre. I tillegg har naboar, offentlege instansar og organisasjonar som har interesse i planane har fått høve til å uttala seg. Ein vedteken reguleringsplan er eit juridisk bindande dokument. Skal ein gjera noko anna på ein eigedom enn det som reguleringsplanen har sett råmer for, lyt ein søkje om dispensasjon frå denne reguleringsplanen, evnt kan reguleringsplanen endrast.

Ein reguleringsplan inneheld fleire dokument: plankart, planomtale, føresegner, risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) og illustrasjonsplanar. Nokre reguleringsplanar er av ein slik karakter at dei utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing.

Det er to ulike typar reguleringsplanar:

  • områderegulering
  • detaljregulering

Områderegulering:

Områderegulering blir i utgangspunktet lagd av kommunen. Den styrer utviklinga i eit større område.

Detaljregulering

Detaljregulering kan kommunen eller private initiativtakarar lage. Denne type plan blir brukt for å fylgje opp det som er bestemt i arealdelen i kommuneplanen eller gjennom ei områderegulering. Detaljregulering omfattar eit mindre, avgrensa område, og legg detaljerte føringar for kva som kan byggast og korleis.

Dersom private aktørar eller andre instansar tek på seg eit reguleringsplanarbeid kan dei stå for heile eller del av det planfaglege arbeidet, og dekke kostnadene ved dette heilt eller delvis. Når planframlegget er utarbeidd skal kommunen godkjenne planframlegget og politikarane vedta om dei ynskjer å legge planen ut på høyring og offentleg ettersyn. Private planar skal og, slik som kommunen sine eigne planar, vedtakast av kommunestyret i etterkant av høyring og offentleg ettersyn. Først etter vedtak i kommunestyret er ein reguleringsplan gjeldande.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen