Aukande smitte av skabb

Nasjonalt, og no òg lokalt i Vik, vert det observert ein auke i smitte av skabb. Sjukdomen kan råka personar i alle aldersgrupper, men er oftast sett hjå unge vaksne mellom 15 og 29 år.

Skabb fører til eit sterkt kløande hudutslett som kjem av skabbmidd. Sjølv om tilstanden ikkje er farleg, kan den vera svært ubehageleg. Skabb bør mistenkjast ved nyoppstått og vedvarande intens kløe utan kjend årsak. Det er viktig å starte behandling tidleg for å forhindre vidare smitte.

For meir informasjon om skabb og kva symptom ein bør vere merksam på, sjå vedlagt lenkje.
https://www.helsenorge.no/sykdom/hud-og-har/skabb/


Thuy-Anh Le Nes
Kommuneoverlege