Fellingsrekord for hjort

HjortNy fellingsrekord for hjort jaktsesongen 2021 med 505 felte dyr.

I «Bestandsplan for Vik hjorteviltområde 2019-2021» vart det lagt opp til uttak av 344 dyr pr år. I 2019 og 2020 er det felt 328 og 385 dyr, noko som gav 319 resterande løyver for 2021. 86,4% av alt godkjent areal i kommunen er tilslutta bestandsplanen. 

Vårteljinga tyda på stor bestandsauke, gjennomsnittet for heile kommunen var i 2021 617 hjort, medan gjennomsnittet i 2019 var 336 hjort. Vik hjorteviltråd søkte i den samanheng om ekstra fellingsløyver, og det blei tildelt 51 fellingsløyver utover dei 319 løyva i bestandsplanen. Dei andre valda som ikkje et tilslutta Vik hjorteviltområde, fekk som vanleg 55 løyve som målretta avskyting.

Totalt vart det tildelt 534 fellingsløyver i Vik kommune, noko som gjev ein fellingsprosent på omlag 94,5%. 

I samband med «Nasjonalt kartleggingsprogram av skrantesjuke hos elg, hjort, rådyr og villrein i 2021» i regi av Miljødirektoratet og Mattilsynet, er Vik kommune valgt som tilfeldig kommune til å ta CWD-prøvar av hjort. Det blei teke prøvar av hjort som er 2 år, eller eldre resten av sesongen. Dette vil og gjelde neste jaktsesong.