Norsk friluftsliv har laga film om allemannsretten
Sjå filmen om allemannsretten
Bandtvang
Vik kommune har vedteke lokal forskrift om utvida bandtvang. Bandtvangen gjeld frå 1.april til 1.november Forskrift om bandtvang, Vik kommune
Beite
Om sommaren vert mange av turområda brukt til beite for småfe og storfe. Vis omsyn om du møter beitedyr og ikkje jag dei. Meld frå til næraste gard om du kjem over sjuke, skadde eller døde dyr
Praktiser skånsam ferdsel, og ikkje ta deg til rette på private vegar, tun og stølar.
Bålforbod
Det er generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp eld i nærleiken av skog og utmark. Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Vik kommune
Bråtebrenning
Er ikkje tillete uansett tid på året i område med tett bebyggelse og i bustadfelt.
Ver forsiktig med eingongsgrillar
Ikkje kast søppel i naturen
Flaskeskår og blikkboksar kan skade både dyr og folk, det same kan rista frå eingongsgrillen.
La sjeldne og sårbare vekstar få stå i fred
Dei er vakrast der dei står.
Aktuelle lover
Friluftslova
Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag