Årets Vikje 2022

Utdeling av utmerking for særskild innsats og arbeid «Årets Vikje 2022»

Vik kommune har hatt tradisjon for årleg å lysa etter aktuelle kandidatar som har utmerka seg og som bør heidrast med ein pris. Formannskapet har vedteke at frå 2020 skal denne prisen vere «Årets Vikje». 
Hovudmålet er at Vik kommune skal få høve til å gje ei særskild merksemd til einskildpersonar, lag eller verksemder som har utmerka seg på eit måte som fortener å bli lyfta fram. Marit Pettersen fekk prisen i 2021.

Vik kommune vender seg difor til alle innbyggjarar i kommunen med oppmoding om å koma med framlegg om verdige kandidatar. Frist for innspel på kandidatar for 2022 er søndag 06.11. 22. Innspel kan sendast til postmottak@vik.kommune.no eller Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn.

Utdelinga vert gjennomført i samband med det siste kommunestyremøtet 15. desember.