Årets Vikjer 2023

Hild Berglund og Mari Lundeland vart heidra i kommunestyret sitt julemøte onsdag 20. desember, og ordføraren delte ut prisen. 

Med denne helsinga vil vi uttrykkja vår djupaste takk for dykkar heroiske innsats ved å redde ein medborgar, ein liten gut, frå ei drukningsulukke sommaren 2023. Dykkar sjølvoppofrande mot, og usjølviske handlingar har ikkje berre gitt eit anna liv ein ny sjanse, men har òg lyfta fram dei beste verdiane i vårt samfunn.

Tusen takk for at de er eit lysande døme på solidaritet og medkjensle.

 

Hild Berglund og Mari Lundeland er verdige kandidatar til utmerkinga «Årets vikje 2023»