Asfaltering ved VHO - gjeld også måndag 10. november
I veke 45 og starten av veke 46 blir det gjennomført asfalteringsarbeid ved Vik helse- og omsorgssenter. Dette vil påverke tilkomst, parkering og transport i området.
I helga er det fri ferdsel i området, men asfalteringsarbeidet startar opp att måndag.
Måndag 3. november og tysdag 4. november:
Det blir asfaltert på austsida av sjukeheimen – frå skulen til Bringebærhagen og nærliggande område.
🚫 Det vil ikkje vere mogleg å køyre eller parkere her desse dagane.
📍 Skilt med informasjon og sperringar vil bli sett opp.
🚑 Utrykningskøyretøy vil ha tilgang gjennom området.
Torsdag 6. november og fredag 7. november:
Det blir asfaltert på vestsida – ved parkeringsplassen og innkøyringa til Vik helse og omsorgssenter.
🚫 Også her vil det vere stengt for trafikk og parkering.
📍 Skilt vil bli sett opp for å markere stenginga.
🚑 Utrykningskøyretøy vil ha tilgang gjennom området.
Vi ber om at denne informasjonen blir vidareformidla til alle tilsette som nyttar området til parkering eller ferdsel til og frå jobb.
Publisert 07.11.2025 08:47
Sist endra 07.11.2025 12:30