Nettverket bidreg til å samordne tenester og ressursar som bønder i Vik kan nytta, til dømes bank, rådgjevarar, helsevesen og andre fagpersonar.
Målet er å førebygga personlege og dyrevelferdsmessige tragediar. Også andre som er bekymra for om ein bonde står i ei krise eller ein utfordrande situasjon, kan kontakta oss.
Det er låg terskel for å kontakte oss
Treng du hjelp eller nokon å snakke med? Då kan du kontakta ein av ressurspersonane i Bondens nettverk Vik.
Det kan gjelda helseproblem, rusproblem, økonomiske problem, hendingar som øydelegg store/viktige deler av driftsapparatet, t.d. brann, flaum og skred, og samlivsbrot eller dødsfall i nær familie.
Uavhengig av kven av oss i nettverket som vert kontakta, skal du oppleva å få tilpassa hjelp og rettleiing av aktørar som er relevante for den aktuelle utfordringa/krisa.
Teieplikt
All informasjon som nokon i Bondens nettverk mottek vert handsama konfidensielt.
I samråd med personen du kontaktar kan de bli samde om kva andre ressurspersonar som skal rådførast. Kun relevante personar som du gjev samtykke til, kan bli kontakta og bli involvert.
Det vert ikkje oppretta noko sakregister over kva som er tema eller kven som er involvert.
Kontakt oss!
Kristian Sætre, Vik Bondelag, tlf. 414 25 402.
Per L. Tistel, Vik Bondelag, tlf. 917 03 238.
Jon O. Nummedal, Landbrukstenester Sogn / Vik Sau og Geit, tlf. 481 05 377.
Lise Marie Skjerven, veterinær, tlf. 482 30 760.
Jan A. Loopstra, veterinær, tlf. 976 68 918.
Veronika Seim Bech, landbrukssjef, tlf. 909 10 709