Bygging av Vik helse- og omsorgsenter - tilkomst i byggeperioden

Første byggetrinn av Vik helse- og omsorgssenter er i gang, og det vert endringar i parkeingsplassane kring byggeområdet frå måndag 9. mai 2022.

Byggearbeida er venta å halda på ut mai 2026. Det vil bli sett opp merking for parkering.

All langtidsparkering for tilsette må skje utanfor byggeområdet, slik at pasientar til fysioterapitenesta, legekontoret, og besøkjande får prioritet til området.

Alternative parkeringsplassar finn du på følgjande stadar:

  • Ved idrettsbana.
  • Ved ungdomshuset.
  • Ved kyrkjestova.
  • Parkeringsplassen mellom meieriet og Vikjatunet.

Me ser fram til gjennomføring av prosjektet og etter «ei god stund» betre tilhøve for bebuarar, tilsette og besøkjande. 

Du kan lasta ned tilkomstkartet i pdf-format ved å følgja denne lenka (PDF, 2 MB).

Tilkomst VHO - Klikk for stort bileteTilkomst VHO 

Til toppen