Detaljregulering fortau Vange bru-Flatbygdi skule - varsel om oppstart av planarbeid

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med offentleg detaljreguleringsplan for fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule jf. §§ 12-1, 12.3 og 12-8 i plan og bygningslova (PBL).

Planarbeidet femnar om arealet vist på kartet her: kart (pdf.) (JPG, 326 kB)

Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Vik kommune. Føremålet med planarbeidet er å etablere fortau frå Vange bru til Flatbygdi skule, langs fv. 5601 Seljadalsvegen og langs skulevegen.

Det vert vurdert i planarbeidet kvar på strekninga køyreveg skal flyttast, eller om fortau skal etablerast langs og inntil eksisterande veg. Areal til veg og fortau er føresett regulert til offentleg veg. I tillegg skal det sikrast areal til å bygge tiltaket inn på naboeigedomar. Eksisterande avkøyrsler og gangvegar skal sikrast gjennom planarbeidet. Tema for planarbeidet vert mellom anna: trafikktryggleik, tilpassing til eksisterande avkøyrsler, omsyn til eigedomar, løysing for kryss mellom kommunal veg og fylkesveg og flaumnivå ved elva.

Planområdet grensar til gjeldande reguleringsplan "Vikja-Seimsvegen". Her er lenkje reguleringsplan Vikja-Seimsvegen. Fortau og veg skal tilpasse seg regulert løysing for kryssing av elva Vikja gitt i denne reguleringsplanen. Å etablere tilbod til mjuke trafikantar på denne strekninga er lagt inn i gjeldande arealdel til kommuneplanen. På lenkja her finn du arealdelen til kommuneplanen for Vik kommune.

Vik kommune si vurdering er at dette planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Planarbeidet er forankra gjennom vedteken planstrategi for Vik kommune. Her er lenkje til planstrategi for Vik kommune for åra 2020-2023. (PDF, 2 MB)

Arbeidet er i oppstartsfasen. Me er i gang med å registrere og samle inn opplysningar for planarbeidet. Kommunen legg planen ut til offentleg ettersyn når framlegget er tilfredstillande. Vidare skal planen opp til handsaming i Vik kommunestyre hausten 2022.

Har du spørsmål om planarbeidet kan desse rettast til:
Iren Meisterplass
tlf: 99 21 83 72
e-post: iren.helene.meisterplass@norconsult.com

Har du opplysningar, synspunkt/merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber me om at du skriv eller sender e-post
til Iren Meisterplass: e-post: iren.helene.meisterplass@norconsult.com

Eventuelt til postadresse:
Norconsult AS
v/Iren Meisterplass
Campus Fosshaugane, Trolladalen 30
Postboks 514
6856 Sogndal

Frist for å sende inn merknader er sett til: 04.01.2022.