Når vi går inn i julehøgtida, vil eg først uttrykkja takksemd for at vi får bu i eit land som Noreg – med fred, fridom og demokrati. Dette er ikkje noko vi kan ta for gitt, og det er verdt å minnast i ei tid der mange andre opplever uro og utryggleik. Eg er umåteleg takksam for å få vera ordførar i den flotte kommunen vår. Gjennom året har eg møtt mange av dykk, og det har vore svært kjekt når innbyggjarane tek kontakt for ein prat om saker som er viktige for den einskilde. Slike møte gjev meg energi og innsikt.
Samtidig veit eg at jula ikkje er ei glede for alle. Nokon kjenner på einsemd, sakn etter dei som ikkje er blant oss lenger, eller uro for slekt og vener på flukt frå krig og elende. Nokre treng å verta sett – med ei helsing, ein telefon eller ein kaffikopp. La oss alle prøve å vera der for kvarandre. Eg vil også nytta høvet til å takka dei som jobbar i jula og held Vikjasamfunnet i gang: dei i helsevesenet, politiet, fengselet, brannvesenet, butikkane og alle andre som ikkje kan ta julefri. De gjer ein strålande innsats. Eg vil og takka alle frivillege som stiller opp for at andre skal ha det bra.
Ein stor takk går òg til administrasjonen i kommunen og alle folkevalde i kommunestyret for godt arbeid i 2025. Vi har landa budsjett og økonomiplan, og det er viktig å få økonomien i balanse. Dette ser bra ut, sjølv om vi har høge låneopptak. Til våren opnar vi nytt helse- og omsorgssenter – eit naudsynt løft for heile kommunen, og eg er viss på at resultatet vert svært bra. Vi vert fleire eldre og får færre barn, dette er ei utvikling som råkar kommunar over heile landet. Dette betyr at kommunen må leggja om drifta si, men alle skal vera trygge på at vi skal levera gode tenester til innbyggjarane, men på ein måte som er berekraftig også framover.
Med dette vil eg ynskja alle ei god og fredfull julefeiring og eit godt nytt år i 2026!
Med venleg helsing
Roy Egil Stadheim
Ordførar
Anita Høydal og Nina Karin Hove heidra for 25 års teneste for Vik kommune.
Ordførar og Årets Vikje 2025 Nils Gunnar Finne