Eigenberedskapsveka for 2025 går av stabelen denne veka – og vi oppmodar alle om å lese gjennom hovudpunkta frå DSB i artikkelen under, samt lese gjennom brosjyra laga av DSB.
I Vik er informasjonsplakater hengd opp på biblioteket, på kommunehuset og ute i grendane. Informasjonsbrosjyre finn du på kommunehuset eller på biblioteket – og du kan også lasta han ned her digitalt:
Brosjyre beredskap
Du finn også mykje anna nyttig informasjon på DSB sine sider – DSB.no
Beredskapsvenn
- Vi oppmodar alle til å bli ein beredskapsven. Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av.
- Med ulike eigenskapar og kunnskapar kan familie, vener og naboar hjelpe kvarandre.
- Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman.
Beredskapsvener kan hjelpe kvarandre med:
- omsorg og støtte
- opphald og overnatting
- deling av utstyr og varer
- praktiske oppgåver
Generelle bodskap
- Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.
- Sjølv om Noreg er eit trygt og stabilt land med god beredskap, er det nødvendig at også kvar enkelt innbyggjar er i stand til å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg ved kriser.
- Dersom vi blir råka av større kriser som rører mange menneske – og gjer at viktige tenester ikkje fungerer som normalt – kan ikkje alle få hjelp med ein gong.
- Eigenberedskap handlar om å vere førebudd dersom store kriser råkar oss. Nokre døme på slike kriser kan vere ekstremvêr, langvarige straumbrot, pandemiar, dataåtak, sabotasje, ulukker og krigshandlingar.
- På dsb.no/egenberedskap finn du mange gode råd om korleis du kan styrkje di eiga beredskap.
Dei to aller viktigaste tinga du bør ha er:
- Drikkevatn - vi tilrår om lag 20 liter per person
- Ein plan for å halde varmen dersom straumen går
Fakta om eigenberedskapsveka
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap. Vert gjennomført i 2025 i veke 44.
- Målet er å auke kunnskapen og medvitet i befolkninga slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølve i ei veke.
- Veka er sett i gang av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
- Målet i 2025 er å nå endå fleire unge enn tidlegare (18–30 år). DSB sine befolkningsundersøkingar viser at yngre har noko lågare medvit om eigenberedskap enn eldre.
- Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn
Publisert 27.10.2025 11:29
Sist endra 27.10.2025 11:29