Eigenberedskapsveka 2026

Eigenberedskapsveka er ein årleg informasjonskampanje i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Kampanjen skal styrkje evna innbyggjarane har til å klare seg sjølve i minst éi veke dersom straumen, vassforsyninga eller elektronisk kommunikasjon fell bort.

Når mobilnettet og internett ikkje fungerer

Tema for Eigenberedskapsveka 2026 er korleis samfunnet kan bli betre førebudd på å handtere situasjonar med bortfall av elektronisk kommunikasjon (E-kom). Bortfall av E-kom betyr at du ikkje kan ringje, sende meldingar eller bruke mobilnett og internett som normalt. På nettsidene til DSB kan du lese meir om Eigenberedskapsveka 2026.
Ved alvorlege hendingar som langvarig straumbrot og bortfall av elektronisk kommunikasjon må Vik kommune prioritere å hjelpe dei som treng det mest. Vi som kan klare oss sjølve, bør vere førebudde på å gjere det så langt det er mogleg. Slik bidreg vi til at kommunen kan prioritere ressursane sine der behovet er størst.
I slike situasjonar kan det vere svært vanskeleg å kome i kontakt med nødetatane og kommunen gjennom vanlege kommunikasjonskanalar.

Arrangement om eigenberedskap på Blix Hotel

Som del av Eigenberedskapsveka vil Vik kommune delta på eit ope arrangement om eigenberedskap på Blix Hotel måndag 2. november kl 19.00. Her vil tema vere korleis innbyggjarar kan førebu seg på situasjonar med bortfall av straum, mobilnett og internett, og kva tiltak som kan gjere lokalsamfunnet meir robust i møte med kriser.
Vi oppmodar alle interesserte til å delta for å få meir kunnskap om eigenberedskap og korleis kvar enkelt kan bidra til auka tryggleik i kvardagen.

Informasjonspunkt i Vik kommune

Vik kommune vil etablere faste informasjonspunkt som vert tekne i bruk ved langvarig straumbrot og bortfall av elektronisk kommunikasjon. Her kan innbyggjarane få viktig informasjon og be om hjelp dersom det er nødvendig.
Følgjande informasjonspunkt vil vere opne ved behov:
•    Kommunehuset, Fjordavegen 1, Vik
•    Butikken i Fresvik
•    Feiosbui, Feios
•    Butikken i Fjorden 

Slik kan du vere førebudd

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på å møte uventa situasjonar. Ved å følgje råda frå DSB blir du betre rusta til å handtere både mindre forstyrringar i kvardagen og større kriser. 

Hugs: Det er betre å vere litt førebudd enn heilt uførebudd.

Fire enkle råd ved bortfall av mobilnett og internett
•    Ver ein beredskapsven og hjelp nokon som kan trenge støtte.
•    Skaff deg ein batteridriven DAB-radio.
•    Sørg for at batteribankar og anna viktig utstyr er opplada.
•    Vurder abonnement eller tilgang til ulike mobilnett dersom det er mogleg.
Du kan lesa meir om råda på DSB 

Kan du klare deg sjølv i ei veke?
Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudde på å kunne klare seg sjølve i minst ei veke ved ei krise. Det gir kommunar og naudetatar høve til å prioritere dei som har størst behov for hjelp.
Tenk gjennom kva du og familien din treng dersom straum, vatn, internett og mobilkommunikasjon vert borte over tid. Enkle førebuingar kan gjere ein stor forskjell når krisa oppstår.
Les meir om eigenberedskap og kva du bør ha heime på Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.