Endring av fastlegar ved Vik legekontor

Som fylgje av at ein fastlege er gått av med pensjon, og ein annan fastlege er i permisjon vil pasientar møte vikrar for desse legane på Vik Legekontor.

Vik kommune syter for at alle innbyggjarane som ynskjer det har fastlege. For nokon inneber det no langtidsvikarar inntil fast tilsetjing er på plass. Dersom din fastlege har slutta/har permisjon, treng du ikkje foreta deg noko. Ein vikar vil vere på plass og fungere som din fastlege.

Du kan finne ut kven som er vikar for din fastlege på Helse Norge ved å fylgje denne lenkja.

Frå 01.04.2024 vil du møte desse legane ved Vik legekontor, samt på legevakt:

  • Thuy-Ahn Le Nes - kommuneoverlege/fastlege
  • Silje Grønningsæter - fastlege/fengselslege/helsestasjonslege
  • Christina Engseth Brakstad - fastlege
  • Kristin Ulveseter - turnuslege
  • Hasan Al-Mayahi - fastelgevikar for Helge Johan Bjordal
  • Ahmet Gundogdu - fastlegevikar for Margaret Hauderowicz/fungerande sjukeheimslege