Frå 1. mars kan du søkje om produksjonstilskot

Dersom du driv jordbruksproduksjon på ein landbrukseigedom kan du søkje om produksjonstilskot etter gjeldande regelverk. Det er to søknadsomgangar for produksjonstilskot med søknadsfristar 15. mars (del 1) og 15. oktober(del 2). 

Det er du som er husdyrprodusent som kan søkje om produksjonstilskot – del 1. Driv du planteproduksjon med frukt og bær, og er forutan husdyr; må du vente med å sende inn søknaden din til søknadsomgangen i oktober opnar.

Det elektroniske søknadskjemaet er ope for registrering alt frå 1. mars. Innlogging på på denne lenkja. 

Informasjon om tilskotsordninga finn du her. 

Dersom du ikkje har høve å søkje elektronisk, er det mogeleg å fylle ut søknadskjema på papir. Det er fint om landbrukskontoret får ei melding dersom du leverer søknaden på papir, då dette må registrerast inn i fagsystemet snarast mogeleg.  NB! Papirskjemaet vert ikkje tilgjengeleg før 01.03.26.

Me på landbrukskontoret kan hjelpe med spørsmål. Dersom du ynskjer å kome på kontoret kan du ringje på telefon 41 46 46 81 for å avtale tid.

Åse Berit Balvoll