Friluftsliv tilrettelagt for funksjonshemma

Friluftsliv tilrettelagt for funksjonshemma (FTU) startar no opp i Vik. 

Det vil bli 4 aktivitetskveldar første halvår, og like mange i andre halvår. FTU er eit samarbeid mellom NFU Sogndal og Vik, Vik turlag, Vik Frivilligsentral og elevar med valfaget innsats for andre ved Flatbygdi skule og Feios skule. Målet med tilbodet er å gjera friluftslivet tilgjengeleg for målgruppa og skapa ein arena for fysisk utfalding, sosialt fellesskap og meistring i naturen. #friluftsåret 


Dersom du har spørsmål til tilbodet kan du kontakta NFU ved Ingebjørg Skjerven (934 99 247) eller Ranveig Turvoll ved Vik Frivilligsentral (900 48 351).

Les meir om tilrettelagt friluftsliv her. (PDF, 28 kB)