Frivilligsentralen - bruktbutikken på Vikjatunet

Bruktbutikken på Vikjatunet opnar i midten av april. Me har fått inn mykje som er både både fint og nyttig, men har plass til meir!

Kanskje er påsken ei tid som kan nyttast til rydding på loft, i kjellar og i skuffer og skåp? Det du ikkje lenger har bruk for, kan bli eit bruktfunn for andre 😊 

Tysdag 7. April frå KL. 10.00 til 17.00 kan du levera inn ting som:

  • leiker/brettspel
  • bøker
  • bilder/kunst/foto
  • pynteting (t.d. vasar og lysestakar)
  • service, eller delar av service
  • glas, koppar og krus
  • bestikk
  • kjøkenredskap
  • småelektrisk som fungerar
     

Me tek ikkje imot kle.

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med Ranveig Turvoll på tlf. 900 48 351. 

Velkommen til Frivilligsentralen på Vikjatunet 🙂