Har du innspel til revisjon av kulturminneplanen?

Kulturminneplanen for Vik kommune skal reviderast. 

Eit av hovudformåla med planrevisjonen vil vere å oppdatere lista over verneverdige kulturminne, sjå kap. 4.1 til 4.4 i planen. Det er viktig at kulturminna som er blitt borte blir tekne ut av planen. På same tid bør viktige kulturminne, som ein ikkje hadde kunnskap om då den gjeldande planen blei laga, takast med i planen, slik at eigarane får tilgang til viktige tilskotsordningar.

Det er no varsla oppstart av planarbeidet og prosjektplanen (planprogram) for gjennomføring av planrevisjonen er lagt ut på offentleg ettersyn. Vil du føreslå eit kulturminne inn i planen eller har andre innspel til planprosessen? Send eit innspel til høyringa på kommunen sine nettsider, som du finn på denne lenkja.