Høyring - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026-2037

Kommunestyret i Vik vedtok i møtet 18.6.2026 (sak 045/26) å leggje planframlegg for kommuneplanen sin samfunnsdel for Vik kommune 2026-2037 ut på høyring og offentleg ettersyn. Dette skjer i samsvar med plan- og bygningslova § 5-2, § 11-4 og § 11-14.

Høyringsdokumenta er digitale og ein kan finne dei på Vik kommune sine nettsider. Dei er også tilgjengelege i papirform i resepsjonen på kommunehuset i Vik.

Det vil bli gjennomført folkemøte om planframlegget i veke 34. Datoane og stadar vil bli annonserte på kommunen sine nettsider og på plakatar. Det vil også bli invitert til «gjestebod». I tillegg vil det vere «opent plankontor» på kommunehuset 5. og 20.8.

Merknader til planframlegget må vere innkomne til Vik kommune innan 24.08.2026.

Merknader skal sendast via kommunen si heimeside eller til Vik kommune, Pb. 134, 6891 Vik i Sogn, eller som e-post til: postmottak@vik.kommune.no (e-post og papir: Merk med saksnr. 26/907).

 

Litt om medverknadsmetoden "Gjestebod"

Eit gjestebod, i denne samanhengen, er eit uformelt møte som blir leia av ein utnemnd vert, som får ansvar for å invitere inn til og gjennomføre gjestebodet. Verten kan sjølv bestemme kven som blir invitert, og kvar gjestebodet skal finne stad. Dei som blir inviterte på gjestebod, får høve til å drøfte eit eller fleire tema basert på ferdige spørsmål som verten får tilsendt av kommunen og presenterer. Her kan alle komme med eigne innspel og synspunkt som samlast inn av verten, og som sender dei tilbake til kommunen. Det er ein fordel om alt føregår i ei trygg og avslappa setting. Deltakarane kan gjerne dele eit enkelt måltid saman.
Vil du vere vertskap for eit gjestebod? Send ein e-post med emne «gjestebod» til karen.weichert@vik.kommune.no . Spørsmåla samt litt praktisk informasjon blir sendte ut etter 20. juli. Fristen for å sende innspela tilbake til kommunen er den same som den generelle høyringsfristen dvs. 24.8.2026.
 

Opent plankontor 5. og 20.8.2026 kl 10-14

Dette er ein medverknadsmetode som Vik kommune prøver ut for fyrste gong no. Samfunnsplanleggjaren kjem på desse dagane til ha kontordag i møterommet "Vikjao" som ligg rett att med hovudinngangen til kommunehuset. Her er det høve å komme innom utan avtale og stille spørsmål om eller drøfte ting i planen.