Informasjon om videre vedlikehald på Fv.5600 - Fjordavegen

Vestland fylkeskommune gjennomfører i haust eit vedlikehaldsprosjekt på Fv. 5600 Fjordavegen, på strekninga mellom Vik og Arnafjord. Det står att noko finpuss, høvling, montering av rekkverk og dekkelegging. Dette arbeidet vil bli utført i løpet av dei komande dagane.

På grunn av arbeidet blir vegen stengd i inntil to timar om gongen i tidsrommet 07.00-17.00. Stenginga varer til og med fredag 13. november 2026 kl.12.00.
 

Stengingar på morgon og ettermiddag (07.00-09.00 og 15.00-17.00) vil bli noko kortare. Stengingar blir tilpassa rutetrafikken gjennom dagen, og ved behov vil naudetatane få passere.
 

Informasjon om stenging og arbeidet vil oppdateres fortløpande her.
 

Ta gjerne kontakt med Vestland fylkeskommune dersom de lurer på noko eller har innspel.