Informasjon om videre vegvedlikehald på Fv.5600 Fjordavegen

Vestland fylkeskommune utvidar vedlikehaldsarbeidet på fv. 5600 Fjordavegen med eit forsterkingstiltak på 285 meter i veke 43 og 44.

Arbeidet er planlagt på ein strekning i nærheten av der det er gjort tiltak tidligere i haust og vil gjennomførast på same måte som tidlegare når det gjeld stenging av vegen. I helgane (23. oktober kl. 18.00 til 26. oktober kl. 06.00 og 30. oktober kl. 18.00 til 2. november kl. 06.00) vert vegen heilt stengt. Det vil då vere alternativ persontransport med båt.

Meir utfyllande informasjon om stenging, prosjektet videre og alternativ persontransport finn du her.

Informasjon om stenging og gjennomkøyringer blir oppdatert fortløpande her.

 

Ta kontakt med Vestland fylkeskommune dersom de lurer på noko eller har innspel.