Innskjerpa reglar for støy og lys ved fjellhytter
Kommunestyret vedtok i november 2024 endringar i arealdelen til kommuneplanen (KPA) som skal sikre betre omsyn til villrein. Dette gjeld mellom anna lysinstallasjonar på fjellhytter i områda Fosse, Hestavollen og Skjelingen.
Innanfor Fjellheimen villreinområde skal all aktivitet tilpassast villreinen sitt behov (KPA kap. 7.2.3 i føresegnene, omsynssone H560_2). Dette gjeld også utebelysing på hyttene på Fosse, Hestavollen (KPA kap. 5.4 i føresegnene) og Skjelingen (sjå føresegnene for reguleringsplan Nordre Skjelingen). Utebelysing på fjellhytter skal avgrensast til inngangsparti. Dette tyder at det ikkje er høve til å installere vegglamper eller -spottar, hagelys, julelys og liknande. Det skal heller ikkje brukast fyrverkeri og knalleffektar.
Villreinen lever i høgfjellet i eit ekstremt miljø der den er svært sårbar for eksterne forstyrringar. Villrein vil kunne oppdage fare gjennom syn og lukt på lang avstand (2-3 km). Menneskeleg ferdsel og inngrep har difor stor påverknad på villreinen sin arealbruk og dermed villreinen sine moglegheiter til å tilpasse seg og unytte næringsgrunnlaget innanfor villreinområdet (kjelde: Hardangervidda villreinutval).
Nesten heile den europeiske villreinbestanden lever i Norge, og vi har difor eit særleg forvaltningsansvar for arten. Villreinen er no klassifisert som nær trua i den nasjonale raudlista. Nasjonale føringar som ligg til grunn for dei endra føresegnene i kommuneplanen er dei nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027, Stortingsmelding 18 (2023-2024): Ein forbetra tilstand for villrein, forskrifta kvalitetsnorm for villrein og NINA-rapporten 2372: Klassifisering av 14 ikkje-nasjonale villreinområder etter kvalitetsnorm for villrein. NINA-rapporten klassifiserer Fjellheimen villreinområde samanlagt som område med dårleg tilstand/kvalitet for villreinen.
Vik kommune sin gjeldande arealdel til kommuneplanen og gjeldande reguleringsplanar finn du i kommunen sitt digitale planarkiv på lenkja arealplanar.no.
Illustrasjonsbilete: Omsynssona H560_2 i KPA
Publisert 03.01.2025 14:31
Sist endra 03.01.2025 14:36