Invitasjon til næringslivet i Vik - kartlegging av behov for langsiktige kraftavtalar til fastpris
Vik kommune vurderer ny kraftavtaleordning for næringslivet
Vik kommune ønskjer å kartleggje behovet næringslivet i kommunen har for å inngå langsiktige kraftavtalar til fastpris frå 2027. Kommunen vurderer å innføre ei ordning der lokale verksemder kan kjøpe kraft av kommunen til fastpris.
Invitasjon til å melde interesse
Kommunen ber bedrifter som er interesserte i å inngå straumavtale med kommunen om å melde si interesse for ordninga. Fastpristilbodet vil vere til marknadspris (for tida om lag 60 øre per kWh), og verksemdene må binde seg for minst 12 månader for kjøp av kraft. Avtalane kan òg vere for ein lengre periode.
Kven kan søkje?
Alle verksemder der straumforbruket skjer på verksemda si adresse i Vik kommune kan inngå avtale, med unntak av bedrifter som får straumstøtte gjennom statlege ordningar som Norgespris eller tilsvarande.
Søknadskrav
Søknaden må innehalde:
• Straumrekning som viser heile verksemda sitt forbruk frå 2024 og/eller så langt i 2025
• Forventa straumforbruk for verksemda i 2027 og åra framover
Meld interesse her
Slik melder du interesse
Kommunen ber interesserte verksemder om å sende inn naudsynt dokumentasjon og kontaktinformasjon til kommunen innan 1. februar 2026 (bruk søknadsknappen over og fyll ut elektronisk skjema). Kommunen vil bruke innmeldte behov som grunnlag for vidare vurdering av ordninga.
Viktig atterhald
Vik kommune tek atterhald om at ordninga ikkje nødvendigvis blir tilbydd. Ordninga er avhengig av resultata frå kartlegginga og andre vurderingar i kommunen.
For spørsmål om innsending av søknad, kontakt Vik kommune på 57 69 82 00
Publisert 20.11.2025 10:45
Sist endra 20.11.2025 15:24