Kjærkommen søndagsutflukt til Målsete

Søndag 22. oktober hadde mange av dei ukrainske flyktningane i kommunen ein fantastisk dag på Målsethytta.

Véret var strålande og dette var første gong deltakarane fekk oppleva å vera på ei typisk norsk hytte. For fleire av dei var dette også første gong dei var på fjelltur i Norge.

Utflukta var eit samarbeid mellom Frivilligsentralen og Vik Røde Kors. Frå Røde Kors var Monika Polbratek med som frivillig, og er også miljøarbeidar i Flyktningetenesta i kommunen.

Fleire hadde med typiske ukrainainske smårettar og deilige kaker, og alt smaka heilt nydeleg!  Det var fyr i omnen, god musikk på radioen, borna teikna og laga fine perlesmykke og ikkje minst var det god stemning.

Etter maten tok dei fleste seg ein spasertur langs Målsetvatnet, og fekk nyta sol og blå himmel. For ungane var det moro med is på sølepyttane og «isjuklar» som hang frå berget.  

Me vil takka Vik Kors for økonomisk støtte og Vik Turlag som la til rette for oppholdet. Alle som var med håpa dette ikke vart første og siste siste turen opp i den flotte fjellheimen. Minna frå denne dagen er gode å ha for dei som har forlate heimlandet sitt pga. krig.