Kongeskipet har vore på uanmeldt besøk i Vik.
Dette er ikkje daglegdags kost. Skipet har vore innom Arnafjorden og Balestrand før det la seg til på bukta i Vik. Personalsjefen i Vik kommune var ikkje verre på det enn at ho fann tak i eit flagg, og stilte seg opp på kaia for å ønskje velkommen. Mange innbyggjarar stoppa også opp for å få med seg det ærverdige besøket.
Publisert 26.06.2024 10:57
Sist endra 04.07.2024 14:57