Korleis vil du at Vik kommune skal vera i framtida? Delta i spørjeundersøking innan 22. januar!

I samband med arbeidet med den nye samfunnsdelen til kommuneplanen er no alle i Vik kommune inviterte til å delta i ei enkel spørjeundersøking.

Den digitale spørjeundersøkinga finn du på denne lenkja.

Ein kan svare anonymt innan 22. januar 2025. Vi vil mellom anna vite kva du tykkjer er bra og ikkje bra i kommunen, kva du eventuelt saknar, og korleis du vil at kommunen skal vera i framtida.

Sjå også videoen, der ordføraren fortel om arbeidet med planen. Det er lenkja til denne frå spørjeundersøkinga. Du finn videoen og spørjeundersøkinga også på kommunen sine nettsider om planarbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel på denne lenkja. På desse sidene vil du no framover i heile 2025 også kunne finne oppdatert informasjon om planprosessen.

Undersøkinga vil også bli lagt ut i papirform, i sitjekroken i inngangspartiet på kommunehuset, og ein kan levere utfylt skjema i den kvite postkassa ved sida av trappa. Det vil bli eigne opplegg for barn i grunnskulen.

Lurer du på noko, kan du ta kontakt med avdeling for plan og forvaltning v/areal- og samfunnsplanleggjar Karen Weichert, tel. 414 42 726, karen.weichert@vik.kommune.no .