Manntal til offentleg ettersyn

Utleggingsmanntalet til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 er lagt ut til offentleg ettersyn på Vik kommunehus. 

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunna røysta må du stå innført i manntalet. Veljarar busett i Noreg blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret 30. juni i valåret. Manntal for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 vert lagt ut til offentleg ettersyn fram til og med valdagen 11. september 2023. 

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@vik.kommune.no eller i brev til Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn. 

Vik kommunehus er sommarstengt i veke 28, 29 og 30. Dersom de ynskjer å sjå manntalet i denne perioden, kan de ringe telefonnummeret som står på hovuddøra til kommunehuset.